Eg var ein tur i Fosnavåg denne helga, og det var kjekt å oppleve at kunden framleis er storvegs nøgd over resultatet over oppussinga eg utførte denne våren. For å toppe det heile, monterte eg to lampar over spisebordet på nyekjøkkenet.
Her er bileta frå badet eg totalrehabiliterte våren 2016 i Fosnavåg.
Oppbygging har kjøpt ny gipsplateheis. Førsteinntrykket av heisa er at den er tilstrekkeleg robust, har låg lastehøgde og enkel i bruk. Den er lett å montere og demontere.
Treng du ei slik plateheis kan du leige den med Oppbygging for 200,- kr per døgn.
Når gipsheisa er demontert, får ein enkelt plass til den i eit bagasjerom på ein personbil. Oppbygging kan også levere og hente gipsplateheisa om ein gjer avtale om dette.
I dag fekk eg besøk av regionalt verneombud (RVO). Dei arbeider for at tryggleiks-, helse og arbeidsmiljøforholda på bygge- og anleggsplassar er i samsvar med arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter. Dei kan kome på uanmeldt besøk og har myndigheit til å stenge arbeidet/arbeidsplassen dersom dei finn grunn til det. Dersom du ynskjer å lese meir om arbeidet til reginale verneombud, kan du gjere det her.
Oppbygging legg stor vekt på godt HMS-arbeid, og ynskjer å være ein pioner hjå små bedrifter.
Eg opplevde besøket som positivt og fekk etter besøket tilsendt fylgjande vernerunderapport:
«Har tidligere vært i kontakt med Andre Sæter pr. telefon, da han arbeider med å få laget IK-system for sin bedrift. Andre Sæter, er en meget kunnskapsrik ung mann, med stor interesse for at alt skal være på stell. Jeg rettledet han noe i hans prosess med sitt IK-System, men dette kun for å forenkle systemet, slik at det skal være et mer lesbart system. Akkurat nå, holder han på med å innrede nytt bad til sine foreldre (han bor i kjellerleiligheten til sine foreldre). HMS-tavlen var det første som møtte meg i gangen, inn til hans foreldre sin etg. Fortsett sånn! :-)»
Det er kjekt med gode tilbakemeldingar! 🙂
Eit lite hopp i estetikk og standard i denne leiligheita i Fosnavåg.