Eg var ein tur i Fosnavåg denne helga, og det var kjekt å oppleve at kunden framleis er storvegs nøgd over resultatet over oppussinga eg utførte denne våren. For å toppe det heile, monterte eg to lampar over spisebordet på nyekjøkkenet.
apr 07
Oppbygging har kjøpt ny gipsplateheis. Førsteinntrykket av heisa er at den er tilstrekkeleg robust, har låg lastehøgde og enkel i bruk. Den er lett å montere og demontere.
Treng du ei slik plateheis kan du leige den med Oppbygging for 200,- kr per døgn.
Når gipsheisa er demontert, får ein enkelt plass til den i eit bagasjerom på ein personbil. Oppbygging kan også levere og hente gipsplateheisa om ein gjer avtale om dette.
mai 20
Første prosjekt for Oppbygging var gulvlegging på Haddal.
Totalt 50 kvadratmeter med kvitpigmentert eikeparkett.
Laga avslutningslist mot trapp sjølv.