nov 15

Nettsidene til OPPBYGGING (André Sæter) er oppgraderte.
– Velkomstsida er endra til ei statisk side med ein bildekarusell og tekst.
– Firmabloggen, som før var nytta som velkomstside, er no tilgjengeleg frå menylinja.
– Ny knapp for å kome til firmaet sine sider på Facebook.

I tillegg til dette, er det oppretta eit eige område med bedriftsinterne nettsider. Desse sidene er kun tilgjengelege for føretaket sine medarbeidarar. Her kan medarbeidarar mellom anna få tilgang til all naudsynt informasjon frå føretaket sitt internkontrollsystem, stoffkartotek og skjemasamling. Desse responsive sidene har fleire funksjonar enn dette og kan enkelt endrast etter behov. Med andre ord ligg forholda til rette for at framtidige medarbeidarar alltid skal ha tilgang på oppdatert informasjon som dei har behov for.

Det er André Sæter sjølv som har laga og som oppdaterer desse nettsidene. Det samme gjeld føretaket sin logo og grafiske profil. Sjølv om det har teke litt av André si fritid å ordne dette, sparer firmaet betydelege beløp på å sleppe å kjøpe inn slike tenester. Det kjem deg som kunde til gode.

Tagged with:
okt 01

Oppbygging André Sæter

Eg var ein tur i Fosnavåg denne helga, og det var kjekt å oppleve at kunden framleis er storvegs nøgd over resultatet over oppussinga eg utførte denne våren. For å toppe det heile, monterte eg to lampar over spisebordet på nyekjøkkenet.

Tagged with:
aug 20

Oppbygging har flytta verksemda frå Fosnavåg til Oslo, nærare bestemt på Nordstrand.
Dette skuldast at André skal ta vidareutdanning for å bli byggmeister og BIM-teknikar.

I studietida vil føretaket kun ta på seg mindre oppdrag.
Dersom du har ein jobb i Oslo-området du ynskjer å få gjort,
er det berre å ta kontakt, så vil eg prøve å hjelpe deg!

Tagged with:
aug 02

Oppbygging André Sæter

Nytt garderobeskap er montert.

Tagged with:
apr 07

Oppbygging André Sæter
Oppbygging har kjøpt ny gipsplateheis. Førsteinntrykket av heisa er at den er tilstrekkeleg robust, har låg lastehøgde og enkel i bruk. Den er lett å montere og demontere.

Treng du ei slik plateheis kan du leige den med Oppbygging for 200,- kr per døgn.

Oppbygging André Sæter

Når gipsheisa er demontert, får ein enkelt plass til den i eit bagasjerom på ein personbil. Oppbygging kan også levere og hente gipsplateheisa om ein gjer avtale om dette.

Tagged with:
jan 20

Oppbygging André Sæter
Montering av TV-benk og rullgardiner. Ingen jobb er for liten.

Oppbygging André Sæter

Oppbygging André Sæter

Tagged with:
jan 12

 

Oppbygging André Sæter

Planlegging og bygging av hyller til bod i Fosnavåg.

Tagged with:
mai 20

 

Oppbygging André Sæter

Første prosjekt for Oppbygging var gulvlegging på Haddal.
Totalt 50 kvadratmeter med kvitpigmentert eikeparkett.
Laga avslutningslist mot trapp sjølv.

Oppbygging André Sæter

Tagged with:
preload preload preload