nov 15

Nettsidene til OPPBYGGING (André Sæter) er oppgraderte.
– Velkomstsida er endra til ei statisk side med ein bildekarusell og tekst.
– Firmabloggen, som før var nytta som velkomstside, er no tilgjengeleg frå menylinja.
– Ny knapp for å kome til firmaet sine sider på Facebook.

I tillegg til dette, er det oppretta eit eige område med bedriftsinterne nettsider. Desse sidene er kun tilgjengelege for føretaket sine medarbeidarar. Her kan medarbeidarar mellom anna få tilgang til all naudsynt informasjon frå føretaket sitt internkontrollsystem, stoffkartotek og skjemasamling. Desse responsive sidene har fleire funksjonar enn dette og kan enkelt endrast etter behov. Med andre ord ligg forholda til rette for at framtidige medarbeidarar alltid skal ha tilgang på oppdatert informasjon som dei har behov for.

Det er André Sæter sjølv som har laga og som oppdaterer desse nettsidene. Det samme gjeld føretaket sin logo og grafiske profil. Sjølv om det har teke litt av André si fritid å ordne dette, sparer firmaet betydelege beløp på å sleppe å kjøpe inn slike tenester. Det kjem deg som kunde til gode.

Tagged with:
mar 10

Oppbygging André Sæter

I dag fekk eg besøk av regionalt verneombud (RVO). Dei arbeider for at tryggleiks-, helse og arbeidsmiljøforholda på bygge- og anleggsplassar er i samsvar med arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter. Dei kan kome på uanmeldt besøk og har myndigheit til å stenge arbeidet/arbeidsplassen dersom dei finn grunn til det. Dersom du ynskjer å lese meir om arbeidet til reginale verneombud, kan du gjere det her.

Oppbygging legg stor vekt på godt HMS-arbeid, og ynskjer å være ein pioner hjå små bedrifter.
Eg opplevde besøket som positivt og fekk etter besøket tilsendt fylgjande vernerunderapport:

«Har tidligere vært i kontakt med Andre Sæter pr. telefon, da han arbeider med å få laget IK-system for sin bedrift. Andre Sæter, er en meget kunnskapsrik ung mann, med stor interesse for at alt skal være på stell. Jeg rettledet han noe i hans prosess med sitt IK-System, men dette kun for å forenkle systemet, slik at det skal være et mer lesbart system. Akkurat nå, holder han på med å innrede nytt bad til sine foreldre (han bor i kjellerleiligheten til sine foreldre). HMS-tavlen var det første som møtte meg i gangen, inn til hans foreldre sin etg. Fortsett sånn! :-)»

Det er kjekt med gode tilbakemeldingar! 🙂

Tagged with:
preload preload preload