Nettsidene til OPPBYGGING (André Sæter) er oppgraderte.
– Velkomstsida er endra til ei statisk side med ein bildekarusell og tekst.
– Firmabloggen, som før var nytta som velkomstside, er no tilgjengeleg frå menylinja.
– Ny knapp for å kome til firmaet sine sider på Facebook.
I tillegg til dette, er det oppretta eit eige område med bedriftsinterne nettsider. Desse sidene er kun tilgjengelege for føretaket sine medarbeidarar. Her kan medarbeidarar mellom anna få tilgang til all naudsynt informasjon frå føretaket sitt internkontrollsystem, stoffkartotek og skjemasamling. Desse responsive sidene har fleire funksjonar enn dette og kan enkelt endrast etter behov. Med andre ord ligg forholda til rette for at framtidige medarbeidarar alltid skal ha tilgang på oppdatert informasjon som dei har behov for.
Det er André Sæter sjølv som har laga og som oppdaterer desse nettsidene. Det samme gjeld føretaket sin logo og grafiske profil. Sjølv om det har teke litt av André si fritid å ordne dette, sparer firmaet betydelege beløp på å sleppe å kjøpe inn slike tenester. Det kjem deg som kunde til gode.