Lurer du på kvar vatnet som sildrar inn i bygget ditt og lagar store skader kjem frå?
OPPBYGGING (André Sæter) har i dag utvikla eit produkt som avslører kvar fukt trengjer inn i ein konstruksjon. Resepten er foreløpig hemmeleg.
Behovet for dette produktet møtte eg då eg skulle finne årsaka til ei vannlekkasje i ein gymsal. Etter å ha avslørt fleire døme på kriminelt dårleg handverk og x antal moglege lekkasjepunkt, var det å finne lekkasjepunktet som å finne ei nål i ein høystakk. Derfor valte eg å finne opp eit produkt som skal gjere arbeidet enklare.
Etter å ha testa ut produktet, veit eg no korleis vatnet oppfører seg innvendig og kvar det kjem i frå. Resultatet er at vi slepp å opne opp unødig mykje av utvendige overfalter for å finne lekkasjepunktet. I dette tilfellet har byggherren truleg spart inntil 250.000,- kroner i unødige kostnadar!
For å være ekstra trygg på å finne lekkasja, nyttar eg det nyutvikla produktet mitt i kombinasjon med termografering og fuktmåling.
Moralen er: Bruk fagfolk med lidenskap for faget sitt! Dette er nok eit døme på at det lønner seg til slutt, sjølv utan sosial dumping og bidrag til kriminalitet.