Eg har i dag gjennomført kurs i energieffektivisering av boligar. Oppbygging vil dermed kunne tilby energivurdering av ditt hus frå hausten 2018.
Eg har i dag gjennomført kurs i energieffektivisering av boligar. Oppbygging vil dermed kunne tilby energivurdering av ditt hus frå hausten 2018.
Lurer du på kvar vatnet som sildrar inn i bygget ditt og lagar store skader kjem frå?
OPPBYGGING (André Sæter) har i dag utvikla eit produkt som avslører kvar fukt trengjer inn i ein konstruksjon. Resepten er foreløpig hemmeleg.
Behovet for dette produktet møtte eg då eg skulle finne årsaka til ei vannlekkasje i ein gymsal. Etter å ha avslørt fleire døme på kriminelt dårleg handverk og x antal moglege lekkasjepunkt, var det å finne lekkasjepunktet som å finne ei nål i ein høystakk. Derfor valte eg å finne opp eit produkt som skal gjere arbeidet enklare.
Etter å ha testa ut produktet, veit eg no korleis vatnet oppfører seg innvendig og kvar det kjem i frå. Resultatet er at vi slepp å opne opp unødig mykje av utvendige overfalter for å finne lekkasjepunktet. I dette tilfellet har byggherren truleg spart inntil 250.000,- kroner i unødige kostnadar!
For å være ekstra trygg på å finne lekkasja, nyttar eg det nyutvikla produktet mitt i kombinasjon med termografering og fuktmåling.
Moralen er: Bruk fagfolk med lidenskap for faget sitt! Dette er nok eit døme på at det lønner seg til slutt, sjølv utan sosial dumping og bidrag til kriminalitet.
Kona mi og eg har kjøpt hus i Ulsteinvik. Vi flyttar opp sommaren 2018 og tek sjølvsagt verksemda (Oppbygging) med på lasset. Då får Ulsteinvik ein ny byggmester og BIM-teknikar til bygda. Pluss ei fantastisk kvinne!
Planen er å pusse opp huset før det blir full aktivitet i firmaet, men enkelte mindre oppdrag kan være av interesse. Føretaket vil då kunne ta oppdrag i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande kommune. Oppbygging si nomadiske historie er med dette eit avslutta kapittel.
OPPBYGGING (André Sæter) kan no ta deg med på ein rundttur i det nye huset ditt, sjølv om det ikkje er bygd enno. Du kan altså få inntrykk av korleis det vil være å opphalde seg på kjøkkenet, badet eller det nye soveromet. Vil du ein tur til Preikestolen eller Galdhøpiggen, fiksar vi det også. Ny teknologi gir mange spennande moglegheiter, og dette er ei av dei.
Ta kontakt om du vil vite meir.
Nettsidene til OPPBYGGING (André Sæter) er oppgraderte.
– Velkomstsida er endra til ei statisk side med ein bildekarusell og tekst.
– Firmabloggen, som før var nytta som velkomstside, er no tilgjengeleg frå menylinja.
– Ny knapp for å kome til firmaet sine sider på Facebook.
I tillegg til dette, er det oppretta eit eige område med bedriftsinterne nettsider. Desse sidene er kun tilgjengelege for føretaket sine medarbeidarar. Her kan medarbeidarar mellom anna få tilgang til all naudsynt informasjon frå føretaket sitt internkontrollsystem, stoffkartotek og skjemasamling. Desse responsive sidene har fleire funksjonar enn dette og kan enkelt endrast etter behov. Med andre ord ligg forholda til rette for at framtidige medarbeidarar alltid skal ha tilgang på oppdatert informasjon som dei har behov for.
Det er André Sæter sjølv som har laga og som oppdaterer desse nettsidene. Det samme gjeld føretaket sin logo og grafiske profil. Sjølv om det har teke litt av André si fritid å ordne dette, sparer firmaet betydelege beløp på å sleppe å kjøpe inn slike tenester. Det kjem deg som kunde til gode.
OPPBYGGING (André Sæter) har oppnådd beste mulige karakter for kredittverdigheit for enkeltpersonsføretak. Denne vurderinga er gjort av Bisnode Norge AS.
OPPBYGGING (André Sæter) ynskjer å liggje i tet hjå mindre tømrarbedrifter når det gjeld å ha eit godt og systematiskt helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Som eit ledd i dette arbeidet, deltek eg no på eit 40-timars verneombudskurs i Bergen.
Her er eit par bilder frå vernerunda vi gjennomførte.
Oppbygging vil frå og med 1. oktober begynne å ta ein kredittsjekk av alle nye kundar.
Du kan lese meir om kredittsjekking her.