okt 16

Ynskjer du å bidra til opprydding av uheldige forhold i byggjebransja? Ynskjer du å bekjempe svart arbeid og arbeidslivskriminalitet? Synest du bedrifter ikkje får utnytta fagkompetansen dei sit på? Synest du det er for dårleg opplæring av lærlingar og utanlandsk arbeidskraft? Har du politisk eller juridisk innsikt og/eller påverknad? Har du kompetanse på programmering? Er du fagarbeidar med tankar om korleis vi kan utvikle byggebransja i rett retning?

Dersom eit eller fleire av desse punkta traff deg, ynskjer eg kontakt med deg.

mar 10

Oppbygging André Sæter

I dag fekk eg besøk av regionalt verneombud (RVO). Dei arbeider for at tryggleiks-, helse og arbeidsmiljøforholda på bygge- og anleggsplassar er i samsvar med arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter. Dei kan kome på uanmeldt besøk og har myndigheit til å stenge arbeidet/arbeidsplassen dersom dei finn grunn til det. Dersom du ynskjer å lese meir om arbeidet til reginale verneombud, kan du gjere det her.

Oppbygging legg stor vekt på godt HMS-arbeid, og ynskjer å være ein pioner hjå små bedrifter.
Eg opplevde besøket som positivt og fekk etter besøket tilsendt fylgjande vernerunderapport:

«Har tidligere vært i kontakt med Andre Sæter pr. telefon, da han arbeider med å få laget IK-system for sin bedrift. Andre Sæter, er en meget kunnskapsrik ung mann, med stor interesse for at alt skal være på stell. Jeg rettledet han noe i hans prosess med sitt IK-System, men dette kun for å forenkle systemet, slik at det skal være et mer lesbart system. Akkurat nå, holder han på med å innrede nytt bad til sine foreldre (han bor i kjellerleiligheten til sine foreldre). HMS-tavlen var det første som møtte meg i gangen, inn til hans foreldre sin etg. Fortsett sånn! :-)»

Det er kjekt med gode tilbakemeldingar! 🙂

Tagged with:
preload preload preload