mai 30

Då er første eksamen i Mesterutdanninga gjennomført! Faget heitte «Bedriftsledelse» og har vore svært interessant og lærerikt. Modul 1 av mesterutdanninga er med andre ord eit tilbakelagt kapittel, men likevel berre starten på ei spennande framtid med stort fokus på god bedriftsleiing.

Eg vil med dette takke dei inspirerande lærarane våre og dei flotte og ivrige medelevane mine for eit flott studieår ved Folkeuniversitetet på Ski!

Neste steg er Modul 2 som heiter «Fagleg ledelse». Her går vi meir inn på kalkulasjon, byggjesøknadar, regelverk, bransjestandardar og andre relevante emner som er viktige for å kunne leie ei tømrarbedrift på ein god måte. Dette ser eg fram til å fortsette med, og ein skal ikkje sjå bort frå at eg ikkje greier å leggje vekk lovsamlinga for mesterfaget i sommar..

mai 29

I dag har eg forsvart innleveringsoppgåva mi om BIM Samhandling. Første år av BIM-teknikar-studiet er med andre ord snart gjennomført.

Kort oppsummert handla oppgåva mi om modellering av ventilasjonsanlegg med MEP Modeler™ i ArchiCAD, samhandling gjennom BCF, bruken av BIMcollab og oppgåver i Excel.

Vi har hatt fleire spennande oppgåver gjennom året og eg har lært svært mykje. Kombinasjonen av byggmesterutdanninga og BIM-teknikar-utdanninga gir eit godt grunnlag for å gjennomføre gode prosjekt i tida som kjem. I tillegg er det kjekt å drive med! God uttelling for reisekostnadane for pendlinga til Fredrikstad med andre ord!

Eg vil nytte anledninga til å takke dei dyktige lærarane og dei kreative og dyktige medelevane mine for eit flott år ved Fagskulen i Østfold!

preload preload preload