Ein kan gjerne riste på hovudet, men det er denne retninga vi går..
Som ein liten del av BIM-studiet, skal vi lære oss å visualisere prosjekt. Her har eg brukt 3DS Max og Photoshop for å lage eit bilete med ein BIM-modell. Ikkje akkurat eit salgsprospekt.
BIM-modellen såg slik ut etter behandling i 3DS Max. Deretter tok eg bildet inn i Photoshop.
Eg fann eit bilete eg ville sette modellen inn i og begynte med hardcore manipulering. Det var berre nummeret før eg la til ein skogbrann, meteorregn og diverse. Eg nøya meg med å endre himmelen, sette inn eit tre, ein katt og diverse justeringar.
Då BIMfag, Fagskolen i Oslo Akershus og BuildingSMART inviterte til studentseminar, var eg ikkje vanskeleg å be. Fokuset på BIM-seminaret var praktisk bruk av BIM. Omtrent 300 interesserte møtte opp til interessante foredrag og spennande stands vi kunne besøke.
I tillegg til BIM-faget sine kjerneaktivitetar (som til dømes 3D-modellering, samhandling og beriking og hausting av informasjon), har eg fått stor interesse for nyare utstyr for oppmåling og modellering av bygningar. Derfor var det kanskje standen til Leica og Graphisoft som fanga mi interesse mest denne dagen. Her fekk eg innblikk i korleis ein kan nytte ulike typar laserscannerar for å modellere prosjekt raskare og meir presist enn tradisjonell oppmåling. Mykje spennande å sette seg inn i!