jan 11

Samtidig som eg held på med byggmesterutdanning, studerer eg no BIM-teknikk. Dette er enkelt forklart eit studium der ein lærer å modellere bygningar i 3D på ein hensiktsmessig måte og ein vert drilla på samhandling med andre aktørar som er involvert i eit byggjeprosjekt.

Eg kjem til å leggje ut meir informasjon om BIM på den nye sida som du finn under menyen oppe på sida. I første omgang nøyer eg meg med å leggje ut to bilder av bygningar eg har modellert så langt i studiet. Vi har ei veldig bratt læringskurve, men eg heng med og stortrivst som student!

Over: BIM-modell som er modellert i ArchiCAD 20 i samband med ei gruppeoppgåve.
Under: BIM-modell som er modellert med Revit og enkelt behandla i 3DS Max.

Leave a Reply

preload preload preload